Suldalskonferansen 2026 finn stad 12. mars på Kulturhuset i Suldal i Sand sentrum.
Suldalskonferansen er Ryfylke sin nye næringskonferanse, der me inviterer næringsliv og gründerar, utviklingsaktørar, investorar, politikarar og mange fleire for å diskutere viktige tema og utfordringar som påverkar næringslivet i regionen vår, og sjå på korleis me saman kan skapa konkurransekraft og framtidstru i regionen.
Me er i ferd med å leggje grunnlaget for eit arrangement som skal samle dei viktigaste aktørane i regionen og som har til hensikt å fremje vekst, konkurransekraft, innovasjon og samarbeid i Ryfylke. Me ønskjer å skape ein arena der lokale og regionale bedrifter kan knytte verdifulle kontaktar, få innsikt i kva som rører seg i regionen, bli inspirert og diskutere dei moglegheitene og utfordringane som regionen vår står ovanfor.
Me treng møteplassar som samlar krefter og stimulerer til eit berekraftig og sterkt Ryfylke, også for framtida!
I år set Suldalskonferansen søkelys på kva som skal til for å sikra eit berekraftig og sterkt Ryfylke også i framtida. Konferansen tek utgangspunkt i fire sentrale tema for regional utvikling:
Drivkraft
Konkurransekraft
Kapitalkraft
Folk og kompetanse
Korleis skapar me ny vekst og innovasjon i møte med raske endringar? Kva gjer næringslivet i Ryfylke konkurransedyktig – lokalt, nasjonalt og internasjonalt? Korleis mobiliserer me kapital til gode og berekraftige prosjekt? Og ikkje minst diskuterar me leiarskap i ei ny tid!
"Kvelden- før"
Kvelden før konferansen arrangerer me eit sosialt arrangement på Ryfylke Fjordhotell med lett matservering, forfrisking og moglegheit for gode samtalar og nye bekjentskap.
Informasjon om påmelding og deltaking:
Du kan sikre deg deltaking på årets Suldalskonferanse HER.
Pris for deltaking: 3900,-
Early bird (Før 16. februar): 2500,-
Målbedrift i Næringshageprogrammet: 1950,-
Sosialt arrangement kvelden før på Ryfylke Fjordhotell: 350,-
(Alle prisar er eks. mva. Påmelding er bindande.)