Suldalskonferansen
Velkommen til Ryfylke sin nye næringskonferanse, der me inviterer næringsliv og gründerar, politikarar, utviklingsaktørar og mange fleire for å diskutere viktige tema og utfordringar som påverkar næringslivet i regionen vår.
Næringshagen i Ryfylke er initiativtakar og hovudarrangør av konferansen i tett samarbeid med Suldal Næringsforening.
Den første Suldalskonferansen som blei arrangert i 2024, tok utgangspunkt i Ryfylke sin posisjon i møte med ei fornybar energiframtid, der vertskommunen for næringskonferansen er den største kraftprodusenten i Noreg. Krafta har vore ein viktig del av å byggje landet og kraftframtida bli endå viktigare. Saman med alle dei store kraftaktørane i regionen vår tok me tempen på korleis me kan skape ei fornybar framtid som byggjer opp om gode lokalsamfunn, eit aktivt og berekraftig næringsliv og dei store kraftsatsingane i vår region.
I 2026 set Suldalskonferansen søkelys på kva som skal til for å sikra eit berekraftig og sterkt Ryfylke også i framtida. Konferansen tek utgangspunkt i fire sentrale tema for regional utvikling: drivkraft, konkurransekraft, kapitalkraft og folk og kompetanse.
Korleis skapar me ny vekst og innovasjon i møte med raske endringar? Kva gjer næringslivet i Ryfylke konkurransedyktig – lokalt, nasjonalt og internasjonalt? Korleis mobiliserer me kapital til gode og berekraftige prosjekt? Og ikkje minst diskuterar me leiarskap i ei ny tid!
Velkommen til Suldalskonferansen!