Årets konferanseprogram 2026

(under oppdatering)  

11. mars Sosialt arrangement: «Kvelden før» kl.19.00

Kvelden før konferansen inviterer me inn til eit sosialt arrangement på Ryfylke Fjordhotell med lett matservering, forfrisking og moglegheit for gode samtalar og nye bekjentskap.

12. mars Suldalskonferansen 2026 kl. 09:30 – 17:00

08:30 – 09:30 REGISTRERING

09:30 KONFERANSESTART 

Velkommen til Suldalkonferansen 2026 v/konferansierer

Opning av årets Suldalskonferanse v/Ingrid Roth, dagleg leiar Ryfylke IKS

Bolk 1) Drivkraft, folk og kompetanse  Kva er det som får folk til å satse, skape og bli verande? I denne bolken møter vi bedriftsleiarar og gründarar som deler sin drivkraft, sine val og sin reise. Vi får høyre om menneska bak bedriftene, om leiing, kultur og kompetanse – og om korleis engasjerte folk er sjølve fundamentet for framtidig verdiskaping i regionen.

"Framtidas leiing – revolusjon eller tidlaus klokskap" v/Astrid Kjellevold, dagleg leiar Atheno

"Krafta i folka - korleis rekruttere framtidas arbeidskraft" v/Pablo Barrera, konsernsjef Haugaland Kraft 

"Arbeid, innovasjon og AI – verktøyet som endrar spelet" v/Espen Andersen, Handelshøyskolen BI

PAUSE

Bolk 2) Kapitalkraft Gode idear og sterke bedrifter treng kapital for å vekse. I denne bolken set vi søkelys på finansiering, investeringar og eigarskap. Vi får innsikt i kva moglegheiter som finst, korleis bedrifter kan riggje seg for vekst, og korleis kapital kan bidra til å utvikle eit sterkt og framtidsretta næringsliv i Ryfylke.

"Investering, lokalt eigarskap og langsiktighet" v/Olav Espedal, Hatteland Group

"Kapitalkraft for varig samfunnseffekt" v/Marte Sootholtet, Impact StartUp

"Investering for framtida – korleis skape berekraftig vekst" v/Kristian N.Harnes og Erik Aldner, MINUS


12:30 -13:30 LUNSJ

Bolk 3) Konkurransekraft Korleis byggjer vi robuste og konkurransedyktige bedrifter i ei verd i rask endring? I denne bolken ser vi nærare på strategi, innovasjon og marknadsmoglegheiter. Gjennom erfaringar og faglege perspektiv får vi innsikt i kva som skal til for å lukkast – både lokalt og i større marknader – og korleis Ryfylke kan styrkje si posisjon framover.

"Økonomiske utsikter for Norge og Rogaland" v/Tore Grobæk Vamraak, sjefsøkonom Sparebanken Norge 

"Der vi er best: lokal spesialisering som regional drivkraft" v/Kjetil Bergsvåg, Rogaland Fylkeskommune 

"Frå lokal satsing til det globale marknad" v/Trond Sandvik, Sterling Halibut

PAUSE

Bolk 4) 

"Drivkraft, val og vilje" v/Sverre Underbakke, investor og dagleg leiar, Underbakke

"Frå gründerdraum til konsern – menneska bak suksessen" v/Inge Brigt Aarbakke, Aarbakke

"Det er meg det kommer an på" v/ Gyrid Beck Solberg, mentaltrenar og motivator

Takk for i år! 

17:00 SLUTT