Dei lanserte føredragshaldarane kan du lese meir om allereie no

Harald Minge
Dagleg leiar, Næringsforeningen i Stavanger


Harald er administrerande direktør i Næringsforeningen i Stavanger-regionen. Han har mediebakgrunn og var mellom anna sjefredaktør i Rogalands Avis. Næringsforeningen er Noregs største i sitt slag og representerer om lag 2000 medlemsbedrifter i heile regionen – frå Dalane i sør til Ryfylke i nord. Foreininga arbeider med næringspolitikk og er Rogalands største konferansearrangør med opptil 200 møter i året. Harald har ulike regionale verv og sit i ulike styrer, både lokalt og nasjonalt.

Les mer

Siri Holmboe Høibo
Leiar for arkitektur og byutvikling, DOGA


Siri er leiar for satsingsområda arkitektur, by- og stadutvikling i DOGA. Ho arbeider både politisk og strategisk, og har vore med på å byggje opp fleire av DOGA sine program og satsingar.

Siri er særleg engasjert i arbeid for levande sentrum og smarte byar og bygg. Ho er utdanna samfunnsøkonom ved Norges Handelshøyskole med vidareutdanning innan kunst, design og urbanisme.

Les mer

Johannes Sandberg
Næringssjef, Hamarøy kommune


Johannes er næringssjef i Hamarøy kommune. Som eit resultat av The Quartz Corps (TQC) si satsing i Hamarøy gjekk kommunen, i samarbeid med TQC, Nord-Salten Kraft, Nordland fylkeskommune og Hamarøy Næringsforening, inn for eit felles utviklingsprosjekt i 2023 for å gripe moglegheitene som industrieventyret byr på. 

Satsinga består av fleire delprosjekt med fokus på bustadutvikling, marknadsføring og merkvarebygging, kompetanseutvikling, rekruttering, følgjeforsking, verdikjedeutvikling og styrking av plan- og prosjektkompetanse i kommunen. Ei av satsingane, ThisIsHamaroy.no, blei lansert i september i fjor.

Les mer

Atle Harby
Seniorforskar, SINTEF Energi


Atle har 30 års erfaring innan forsking og utvikling knytt til vasskraft, miljøverknader og tiltak i regulerte vassdrag samt energi-, klima- og natursaker knytt til vatn og fornybar energi.

Han har leia forskingssenteret CEDREN for miljødesign av fornybar energi og leier no eit fireårig EU-prosjekt med fokus på berekraftig oppgradering av vasskraft der Røldal-Suldal-anlegga er eitt av fem "case".

Les mer

Carina Knudsen
Klimarådgivar, SWECO


Carina er ein erfaren prosjektleiar innan grøn omstilling, med sterk fagleg tyngde innan klima, berekraft, meteorologi, omstillingsprosessar, medverknadsprosessar, leiing og programmering. Ho arbeider i Sweco som klimarådgivar der ho hjelper ulike aktørar med å omstille seg til eit meir berekraftig samfunn. Carina har ein mastergrad i klima-, atmosfære- og havfysikk.

Les mer

Bjørn Honningsvåg
Administrerende direktør, Lyse Kraft DA


Bjørn Honningsvåg er administrerande direktør i Lyse Kraft DA, vasskraftselskapet som er eigd av Lyse og Hydro. Bjørn er sivilingeniør og har hatt ei rekkje roller hos Lyse gjennom fleire år. Lyse har oppgradert fleire vasskraftverk i regionen og har no planar om å gjera si største investering i Røldal-Suldal-anlegga.

Les mer

Mads Drange
Ordførar, Suldal Kommune


Lokalpolitikar for Arbeidarpartiet med eit stort engasjement for lokal og regional næringsutvikling. Vart ordførar i ei tid med store industrietableringar og kraftutbyggingar på trappene i kommunen. Sit også i styret i Rogaland AP. Heimflytta Suldøl med mastergrader frå Norges Idrettshøgskole (fysiologi) og Universitetet i Oslo (historie). 

Les mer

Mette Fossan
Næringssjef, Rogaland fylkeskommune


Mette har dei siste fem åra vore leiar for næringsutviklarar i Rogaland fylkeskommune. Ho er utdanna statsvitar og har tilleggsutdanning i innovasjonsleiing. Ho har erfaring frå næringsutvikling i tre forskjellige fylkeskommunar, og har tidlegare vore innovasjonssjef i Sandnes kommune.

Les mer

Rune Dolmen
Verksdirektør, Eramet Norway

Rune er verksdirektør ved Eramet Norway sitt smelteverk i Sauda og har tidlegare også hatt ansvar for Eramet sitt verk i USA. Verket i Sauda er det største målt i produksjon og omsetning, og er i dag ein verdsleiande leverandør av raffinerte manganlegeringar for den globale stålindustrien.

Eramet Norway produserer metall som er avgjerande for framtidas nullutsleppssamfunn, men bidraget deira til det grøne skiftet strekkjer seg lengre enn sjølve produksjonen. Dei ynskjer å ta ei meir aktiv rolle i den globale omstillinga mot berekraft.

Les mer

Tor Helge Hilmarsen
Dagleg Leiar, Mibau Stema Norge


Tor Helge er dagleg leiar for Mibau Stema Norge, som er leiande innan produksjon av pukk og grus i Nord-Europa, med 470 tilsette fordelt på tre anlegg.

Utdanna sivilingeniør innan gruvedrift frå NTNU og har hatt fleire roller i gruvenæringa, mellom anna som gruvesjef og produksjonsdirektør. Som leiar er han oppteken av arbeidsmiljøet og utviklinga av folk; "Vår viktigaste ressurs er våre tilsette." Dei største prosjekta i selskapet no er bygginga av eit nytt produksjonsanlegg på Tau og reguleringsarbeidet for eit nytt område på Jelsa.

Les mer

Bengt Ivansson
Gründer og tidligere næringssjef, Skellefteå Kommune


Bengt har jobba som gründer heile livet, men takka ja til jobben som næringssjef for byen sin, Skellefteå, som trong hjelp til utvikling og vekst.

Han skal snakke om kommunen sitt omfattande satsingsprosjekt «Skellefteå växer». Bengt kjem også til å dele erfaring og lærdom frå arbeidet med etableringa av batterifabrikken Northvolt.

Les mer

Svein Ilstad
Regiondirektør Sør, Statkraft

Svein Ilstad er regiondirektør i Statkraft region Sør. Han er sivilingeniør innan elkraft og har tidlegare vore kraftverksjef i Ulla-Førre og direktør i Saudefaldene i Sauda.

Region Sør dekkjer heile Sør-Noreg, med kraftverkgruppene Ulla-Førre, Hardanger, Tokke og Mår & Nore, samt regionskontor i Sauda og Dalen. Regionen produserer om lag 20 TWh årleg med 5500 MW installert kapasitet og over 200 tilsette. Statkraft og region Sør har fleire spennande o/u-prosjekt på gong.

Les mer

Ketil Barkved
CEO, New Kaupang

Ketil er elektroingeniør med bakgrunn frå ulike stillingar i informasjonsteknologiselskap, i tillegg til å ha starta fleire selskap innan IT og Telecom for olje- og gassbransjen. I dag er han dagleg leiar i New Kaupang, selskapet som Ryfylke IKS og Rogaland fylkeskommune oppretta for å skapa arbeidsplassar og aktivitet ved etablering av energiintensive industriar i Rogaland. Ketil er oppteken av å forstå og formidla det store biletet i energirelaterte saker for å sikra best mogleg nytte for samfunnet.

Les mer

Eva Sannum
Konferansier

Eva er rådgjevar og partnar i kommunikasjonsbyrået Sannum & Bergestuen. Ho har jobba med reklame, marknadsføring og samfunnskommunikasjon i over 20 år, og står bak den suksessrike podcasten Tut og Mediekøyr, om journalistikk og presseetikk. 

I tillegg er ho ein erfaren foredragshaldar og konferansier, som gler seg til roadtrip til Suldal for å leie årets konferanse!

Les mer

Maria Nakken
Konferansier

Maria er rådgjevar og partnar i Sannum & Bergestuen. Ho har jobba med journalistikk, formidling og kommunikasjon i over 20 år, og var i mange år nyheitsanker i NRK. 

I tillegg har ho lang erfaring som foredragshaldar og konferansier. Maria ser fram til å leie årets konferanse saman med sin gode makker Eva!

Les mer

Olav Lindseth
Eigar og dagleg leiar, Energihotellet

Olav Lindseth er dagleg leiar og eigar av Energihotellet på Nesflaten. Han har brei erfaring frå næringslivet og har ei rekke styreverv både i privat og offentleg sektor. Energihotellet er eit lite designhotell utvikla og basert på funksjonærmessa til Røldal-Suldal Kraft, bygd på 60-talet. Arkitekturen som Energihotellet er ein del av, er fleire gonger kåra til å vere mellom dei ti viktigaste i Noreg etter krigen.

Les mer