Meld deg på her

6-7 november 2024Ryfylke Fjordhotell


Årets tema: Krafta til å skape framtidas samfunn

Ryfylke og regionen elles står i møte med fleire store industrisatsingar og kraftutbyggingar i åra som kjem, der ein går frå å vera landets oljehovudstad til landets energihovudstad. Dette kan gi vår region ei stor tilvekst av mellom anna kapital og arbeidskraft, som får ringverknadar for samfunnet som ein heilskap. Samstundes byr det på problemstillingar knytt til vern av naturområde og lokalsamfunn.

Under årets Suldalskonferanse ønskjer me å ta tempen på dei store industriprosjekta som er planlagt i vår region, for så å invitere til faglege innlegg, diskusjon og inspirasjon rundt korleis me utnyttar moglegheitene indusarisatsingane gir på best mogleg måte, samstundes som ein avgrensar dei negative. Kva erfaringar kan regionen hente og læra frå vår store industrihistorie i møte med nye satsingar? Korleis kan nye løysingar og kunnskap sikre at framtidige satsingar blir utvikla til det betre for menneske, miljø og natur? Kva grep må me ta i dag som sikrar at storsatsingene dei neste ti åra bidreg til langsiktig vekst og bulyst? Korleis kan næringslivet utnytte desse satsingane til å skapa nyetableringar og vekts? Velkommen til Suldalskonferansen!

I år inviterer me også inn til Festkveld kvelden før sjølve konferansen. Bli med oss og opplev haustens lokale råvarer og matskattar frå Suldal, prisutdeling for næringslivet, inspirerande foredrag og intimkonsert! Sjå meir info HER.

Lokasjon

Suldalskonferansen (med festkveld) blir arrangert på Ryfylke Fjordhotell som ligg i sentrum av Sand, i elveosen mellom Sandsfjorden og lakseelva Suldalslågen. 

Ryfylke fjordhotell ligg i gåavstand frå bussterminal og hurtigbåtkai (maks 5 min).

Arrangert av: